Her finn du informasjon om klage på skriftleg eksamen.
Eksamensresultat og klagefristar:
Eksamensresultata vert publisert fortløpande den 19.6, 20.6 og 21.06.
Kvar finn du resultatet på skriftleg eksamen?
VismaInSchool (VIS) > Vurderingar > Eksamen
Klagefrist?
Klagefristen er 10 dagar. Du finn knappen «Klage» på same stad som resultatet på eksamen. Denne knappen er synleg i 10 dagar frå eksamenskarakteren vart publisert. Det kan vere lurt at faglærar ser gjennom svaret ditt før du klagar, då klageresultatet kan gi både betre og dårlegare resultat.
Meir om klagehandsaming finn du på heimesida til skulen : https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/
Hurtigklagefrist er 27.juni for følgjande fag:
norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biolog, engelsk, tysk, spansk, rettslære, sosialkunnskap, økonomistyring, økonomi og ledelse.