Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Helsefagarbeider for vaksne
Dale vgs har skuleåret 2024-25 starta opp modulbaserte fag- og yrkesopplæringa (MFY) for vaksne i helsearbeiderfaget.
Og Dale vgs håper å starte opp ei ny gruppe MFY for vaksne i helsearbeidarfaget hausten 2025. Du kan allereie no søkje i VigoVaksen. Om du treng hjelp, kan du kontakt Cecilie Høyvik på vaksenopplæringa, tlf. 415 30 715.
Informasjon om den modulbaserte opplæringa finn du på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Læreplanen for helsearbeidarfaget finn du også på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Ein går vekk frå ordninga med Gloppen-modell og over på det ein kallar modulbasert fag- og yrkesopplæring (MFY). Kravet til skulen/arbeidsplassen om ein læreplassgaranti fell vekk, men deltakaren må ha avtale om ein praksisplass.
Det er meininga at opplæringa hovudsakleg skal skje på arbeidsplassen, men faglærar skal samarbeide tett med instruktøren der, og det er lærar som har ansvaret for å godkjenne kompetansemål. Kompetansemåla skal kvitterast ut undervegs.
Det er mogleg å jobbe og tene pengar ved sida av dette studiet. Det er opp til bedrifta/kommunen om og når dei ønskjer å teikne lærekontrakt med deltakaren. Når det blir gjort, så går deltakaren over til å vere lærling og skal ha lærlingløn. Då er det VLFK som betaler basistilskotet for lærlingen.
Ved inntak tilbyr skulen i samarbeid med Rettleiingstenesta/NAV ei realkompetansevurdering og det blir laga ein opplæringsplan i lag med deltakaren. Dersom deltakaren på bakgrunn av tidlegare praksis får godkjent kompetansemål, så kan det avkorte utdanninga. Skulen står for språktesting. Det vil bli gitt utvida norskopplæring i modul 1 for dei som har behov for det.
Totalt er det 5 modular innanfor helsearbeidarfaget.
Dersom arbeidsplassen ikkje kjenner deltakaren, blir det tilrådd ei utprøvingsveke før ein gjer avtale om praksisplass.
Ta elles kontakt med Dale vgs tlf. 57637000